Sosial mobilitet - nynorsk SOSIAL MOBILITET Sosial mobilitet for meg er at alle, - - anten dei er dotter til bankdirektøren eller son av vaskaren, - - har like moglegheiter i livet. At dei kan bli lege eller lærar, - - vaskar eller kassaarbeidar, - - og leve det livet dei ønskjer, uavhengig av bakgrunn. Vi treng då eit sterkt helse- og skulevesen og sosiale nettverk - - som kan passe på at folk får desse moglegheitene. Eg trur norske politikarar har ein tendens til å vere stolte av velferdsstaten vår - - og ikkje erkjenner problema i like stor grad som dei burde. Det finst ein debatt om sosial ulikskap og mobilitet, - - men denne tek ikkje tak i dei essensielle tinga. Ein har ein tendens til å skryte over status, - - men det kan vere viktigare å sjå på kva som ikkje fungerer. Dette er ein viktig debatt, og for det norske velferdssamfunn har det alt å seie - - at vi får fleire opp, og gir dei høve til å ta eigne val. Sosial mobilitet handlar i botn og grunn om: Skjer det endringar i samfunnet? Og i livet til den enkelte? Viss du er lege eller advokat, er barna dine venta å bli noko tilsvarande. Men det er eit ganske statisk bilete. Det er på skulen ein slit mest med å jamne ut dei sosiale ulikskapane. Ein ser her kor store skilnadene er allereie i ung alder. Det norske samfunnet har sånn sett særs godt av auka sosial mobilitet. Samstundes bør vi vere glade for at vi i Noreg har den sosiale mobiliteten vi faktisk har. Vi må takke velferdsstaten for at vi er der når det gjeld likskap. Det er synd at det har utvikla seg - - ein samanheng mellom prestisje og økonomisk makt. Det er eit problem. Mi forståing av menneskeverd er at du uavhengig av lommeboka di - - er likeverdig med meg. Når dette menneskeverdet blir utfordra pga. klasseskilje, er det veldig synd. Sosial mobilitet kan på norsk omsetjast til: "Rørsler eller flytting." Det kan vere flytting mellom generasjonar, - - at ein tek høgare utdanning enn foreldra eller kameratane sine, - - og at ein etter avslutta utdanning ikkje kjenner seg heime i nokon av verdene. Det ein ofte viser til som "intergenerasjonell mobilitet". Eller det kan vere mobilitet over eit livsløp: - - ein karriere som ein har over tid. Ein går over frå eitt yrke til eit anna. Det som er innanfor eit liv eller ein karriere, - - blir kalla "intragenerasjonell mobilitet". Mobilitet handlar såleis også om korleis samfunnet endrar seg over tid. Endringar i yrkesstrukturen, t.d. at primærnæringane forsvinn - - og det blir fleire i tenesteytande yrke, er døme på "strukturell mobilitet". Klassekameratane mine var verken fattige eller rike. Vi var kidsa som sprang rundt i snøen og gjorde ting som ungar gjer. Veslesøstera mi, og dei som er yngre enn henne, - - fokuserer i mykje større grad på kor mykje pengar dei har, og kva dei kan kjøpe. Vi har eit stort behov for å sjå på m.a. innvandring i Noreg. Vi får det som kanskje er framtidige, viktige ressursar - - for den norske velferdsstaten som vi ikkje klarer å nytte oss av i dag. 1. Fordi vi ikkje har god nok innvandringspolitikk. Vi klarer ikkje å gi god nok opplæring til at folk kjem seg i jobb - - og får ungane tidleg nok i skule og barnehage. Innvandringspolitikken vil difor spele ei avgjerande rolle. Vi får auka innvandring til Noreg. Dette krev større fokus på å jamne ut dei sosiale skilnadene. Endringar knytte til sosial mobilitet - - er også knytte til endringar i måten ein lever på, - - og kva kulturelle verdiar som gjeld. Det kan også representere ein avstand. Auka sosial mobilitet er ikkje alltid vellukka - - eller å stige i gradene - anten på utdanningsstigen, på jobb eller i løn - - viss det samstundes representerer ein slags sosial distanse - - der ein mister en del sosial samhøyrsle på vegen. Ein må gå bort frå at alle skal ta ei studiespesialisert utdanning. Alle må få ta ei yrkesfagleg utdanning. Dei må få ta ei kreativ retning, viss det er det dei ønskjer. Sosial mobilitet er eit resultat av velferdsstaten vi har i dag. Viss folk ikkje kan bidra til velferdsstaten, - - mister vi den sosiale mobiliteten vi har no. Norsk og internasjonal forsking viser at mobilitetsmønstera er relativt stabile. I alle fall når det gjeld utdanning, jobb og sosial klasse. Forbausande stabile. Spesielt om vi samanliknar topp og botn. Toppen, dei med høgast utdanning og prestisjefulle jobbar, - - og dei som er lengst ned på rangstigen. Eit nærliggande spørsmål er kvifor mønstera er så stabile. Når det gjeld utdanning, har vi Statens Lånekasse og andre føresetnader - - som skal sørgje for at alle har tilgang til høgare utdanning i Noreg. På papiret, iallfall. Då må ein søkje i både individ- og samfunnsrelaterte årsaker. Dei individrelaterte har å gjere med oppvekstforhold - - og kva slags ressursar ein har med seg i ryggsekken. Dei samfunnsrelaterte har å gjere med korleis ein organiserer skule, - - barndom og oppvekst. Her ein kan leggje meir eller mindre til rette for ein politikk - - og ein skule som er inkluderande. I kva grad ein klarer å få til dette varierer kraftig. Også på lokalt nivå. Kvifor interesserer samfunnsvitarar seg for sosial mobilitet? Jau, det seier noko både om karrieremoglegheitene til den enkelte, - - som er relevant i forhold til politikk, - - og om kor ope samfunnet er i utgangspunktet. Lever vi i eit samfunn der merittar og personleg ambisjon er nok? Eller er det andre faktorar som gjer at ein kjem seg fram? Folk ein kjenner. Kanskje ein får med seg ein arv. Blir godt hjelpt heimanfrå, rett og slett.